Tilbake til alle arrangementer

Vik: Inspirasjonskveld for landbruket - mat, drikke og reiseliv som tilleggsnæring

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Velkommen til ein trivelig kveld med tilleggsnæring på agendaen og gamalost på fatet.

Sogn Næring og Vik Bondelag inviterer inn til inspirasjonskveld for bønder som er nysgjerrige på moglegheitene som ligg i å utvikle ressursane på garden. Kva er turistar interesserte i, og kva er dei villige til å betale? Kva erfaringar har kollegaer gjort seg med besøk på tunet, og produksjon av mat og drikke av ressursar frå eigen gard? Dette får de høyre meir om denne kvelden.

Program

Inspirasjonskveld for landbruket

18:00: Oppmøte på Ostebaren. Servering og kaffi.

Visit Sognefjord - Potensialet for gardsturisme i Vik

Kven er turistane som er interesserte i gardsturisme, kva er dei interesserte i og kva vil dei betale? v/Ellen Fivelstad

Hauge gardskafè

Innerst i Lustrafjorden, i Skjolden, ligg Hauge Gardskafè. I tre sesongar har Elin Hauge drive kafè i eit ombygd eldshus. Her ryk det ut focaccia og kaker, og ikkje minst bringebær til både cruisegjester, bubilfolk og lokalbefolkning. Berroduksjon er hovudgesjeft på garden.

Elin Hauge deler sine erfaringar med drift av gardskafè, cruiseturistar på tunet og det å setja heile familien i sving.

Vin- og sauebonde på Husabø vingard

Dei siste par åra har det blitt planta tusenvis av vinplanter på Leikanger. Brødrene Jon, Ingar og Øyvind Husabø er ansvarlege for ein stor del av dei. Kva får ein sauebonde og brødrene hans til å satse på vin? Kor kom idèen frå, og kva tenkjer dei vidare? Vi får høyre litt om historia til Husabø Vingard, vinmakarlaget og skrøner frå vinverda fpå andre sida av fjorden.

Mattryggleik og smittevern ved gardsturisme v/ Mattilsynet, Ann Karin Nes

Kva må du tenke på når du skal ta imot gjester utantifrå på garden din? Mattilsynet gir oss eit innblikk i kva du som bonde må vera obs på når du byrjar med gardsturisme. Kvar finn dei dei gode ressursane, og dei gode rutinane for å ta imot gjester på ein måte som er trygg for dei og dyra dine?

Korleis komme i gang?

Kort presentasjon av ordningane til Vik kommune, Sogn næring. v/ Sigrid Skjerdal, Sogn Næring og Veronika Seim Bech, Vik kommune

Gamalostbudeia - ein hyllest til gamalosten (ope for alle)

19:30: Vi flyttar oss til Blix hotell. Foredraget med Kristin Glück-Teigland er ope for alle og krev ikkje påmelding.

20:00 Foredrag med Kristin Glück-Teigland

Kanskje Noregs største gamalost-entusiast, Kristin Glück-Teigland kjem til Vik. Kanskje blir du inspirert til å gi Gamalosten hovudrolla i utviklinga av reiselivsprodukt på din gard?

Kristin er tidlegare budeie og avløysar, har utdanning innan lokal matkultur, har drive fjellstove og arbeidd med mat og matkultur i ei årrekkje. Dei siste fem åra har ho via til mjølkeforedling med særleg fokus på norske ystetradisjonar, seterkultur og å gjere dette aktuelt for hippe restaurantar, fine dining og oppskrifter til heimekjøkkenet.

For Kristin er gammalosten sjølve Kongen av både norsk ystetradisjon og norsk matkultur generelt. Kvifor og korleis ho har engasjert seg i aktualiseringa av nettopp gammalosten, får du høyre meir om i dette føredraget.

Kristin er levande engasjert i matkultur, som for henne representerer både tradisjon og innovasjon. Fortid møter framtid, gamalost møter Maaemo.

Vel møtt til ein liten time med gammalosten, budeia og det magiske pulveret...

Påmeldinga er stengd.

Arrangementet er støtta av Vestland Fylkeskommune.

Forrige
Forrige
21. november

While1Create nettverkstreff

Neste
Neste
27. november

Nettverkstreff HR