Velkomen til eit nytt treff i nettverket While1Create. Denne gongen går turen til Leikanger, der vi skal besøke Statsforvalteren. Inne hos Statsforvalteren får vi høyre frå Adrian Vigdal om korleis dei jobbar med sikker koding, både spesifikt for deira eigne behov og meir generelt. I tillegg vil vi få ei spennande innføring i RPA (robotisert prosessautomatisering), som kan gjere kvardagen enklare og meir effektiv.
Dette er ein flott sjanse til å lære meir om trygg programmering og automatisering, og ikkje minst til å knyte nye kontaktar i nettverket vårt.
Program:
12:00 – Mat og mingling
12:30 – Sikker koding med Adrian Vigdal
13:00 – Robotisering
13:30 – Moglegheit for deltakarane å presentere noko frå eigen bedrift
14:00 – Spørsmål og avslutning
Vi gler oss til ein lærerik og inspirerande dag på Leikanger!
Har du noko du har lyst å presentere eller snakke om har vi ein halvtime ledig i programmet. Ta kontakt med Henrik (henrik@sognnaring.no) så set vi deg opp i programmet.