Tilbake til alle arrangementer

Lokal studietur til siderprodusentar i Sogn

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Driv du med frukt og er interessert i sider og fruktvin som tilleggsnæring? Bli med på lokal studietur i Sogn!

Saman med Sogn frukt- og siderlaug og med støtte frå Vestland Fylkeskommune inviterer vi deg på besøk til tre siderprodusentar; Amble gård på Kaupangar, Odelsgut på Fimreite og Ølmheim siderhage på Ølmheim (naturlegvis).

De får bli med inn på tunet, ut i eplehagane og inn i produksjonslokala. Vi får høyre om deira erfaringar med produkson og maskiner, sidersmakingar og gardsbutikk.

Turen passar for bønder og småbrukarar som driv med (eller tenker på å plante) frukt og bær, og som er nysgjerrige på siderproduksjon. Null førehandskunnskap er nødvendig.

Vi sett opp felles skyss med start og sluttstad Sogndal skysstasjon dersom det er nok påmelde.

Dei som ønskjer det kan få eit oppfølgingsbesøk av Åge Eithungjerde (Balholm, Ciderhuset) i etterkant av samlinga. Han er matkontakt i Kompetansetnettverket for lokalmat Vest, og styremedlem i Sogn frukt- og siderlaug. På besøket kan han hjelpe deg å sjå på ressursane du har, og kva som må til for å legge til rette for siderproduksjon på din gard.

Program:

12:30 Avreise Sogndal

13:00 Amble gård:

Vi byrjar med utstyn over Amlabukta. Her driv Mette-Marie Heiberg og Anders Bjærke med både utleige av hus, campingplass, hjortejakt, skogbruk, vindruer og siderproduksjon. Dei har gardsbutikk og opne dagar, og driv eit ekte mangesysleri. På Amble gård har dei investert i nytt produksjonslokale, og vi får bli med inn.

Omlag 15:00: Odelsgut, Haug gard: Vi reiser i samla flokk til Fimreite. Der held Alex og Cecilia til med sine tre gutar. Sidan dei flytta frå Bergen i 2020 har utviklinga gått rasande fort. I 2022 sette dei sine første sidrar. Dei har allereie rekt å få fleire medaljar for siderane sine, og utviklar stadig nye sortar. Har du høyrt Alex fortelje historia deira, gløymer du det ikkje med det første.

Omlag 17:15: Ølmheim Siderhage: Vi avsluttar på Ølmheim. Endre Kleiveland og Sigrid Ølmheim lagar moderne, naturleg og tørr sider. På tunet har dei bygd opp eit flott nytt produksjonslokale, og har i sommar starta om sidersmakingar, omvisning og matservering.

Her tek vi ein lengre stopp. Endre fortel om Sogn frukt- og siderlaug, gjengen med engasjerte siderprodusentar som hjelper kvarandre til å bli bedre.

Vi et mat og smakar på sidrar frå dei ulike produsentane vi har besøkt.

Omlag 19:30: vel heim!

Påmeldinga til denne turen er stengt, sidan det skjer i dag. Ta kontakt med Sigrid Skjerdal (sigrid@sognnaring/41454344) om det er noko.


Tidligere arrangement: 7. november
Næringspub Balestrand
Senere arrangement: 13. november
Lunsj med påfyll: Korleis utvikle lokalsamfunn?