Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Korleis utvikle lokalsamfunn?

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Noreg har eit stort behov for arbeidskraft, samtidig som det såkalla utanforskapet er stort – og blant nokre grupper også aukande.

Utviklinga av gode og trygge lokalsamfunn krev ei heilskapleg tilnærming, der ei lang rekke ulike aktørar samarbeider – som næringsliv, skule, frivillige- og ideelle organisasjonar, akademia, og fleire. I sentrum står ei felles forståing av kva samfunn ein ønskjer seg.

Tverrfaglig.no er ein sosial innovatør som jobbar med å styrke samarbeid på tvers av sektorar og faglege disiplinar. Nedbryting av siloar, auka forståing for andre aktørar og eit langsiktig perspektiv utover eigne kjerneoppgåver er sentralt.

Denne onsdagen kjem Anders fra Tverrfaglig.no. Dei jobbar blant anna med lokal samfunnsutvikling og kjem til oss for å prate om akkurat dette.

Forrige
Forrige
8. november

Lokal studietur til siderprodusentar i Sogn

Neste
Neste
14. november

Næringspub Vik