Sogn U40 er eit profesjonelt nettverk av målretta unge, som vil vere med å skape framtida i regionen.
Dei skal bidra til og leggja til rette for utvikling av unge leiarar og andre unge ambisiøse og profesjonelle i og rundt kommunane Sogndal, Luster, Lærdal, Årdal, Aurland, Vik og Høyanger. Nettverket rettar seg mot både privat og offentlege verksemder.
Onsdag kjem dei til oss i lunsjen for å prata om kva nettverket er, kven er det ment for og hvilke spennande arrangement dei har i vente. Kunne du tenkt deg å være med i et slikt nettverk. kom på vår lunsj for å høyre meir.
Kva er Lunsj med påfyll?
Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakken opp i 2. etasje på Innovasjonsbygget på Campus i Sogndal, og ete lunsj saman med oss.
Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjestar som delar ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskap eller drøymen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar. Arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør. Vi i Sogn Næring er sølvlagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Avtal gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.