Sogne-seminaret 23. mai 2024
Korleis står det til i sognebygdene? Kva er status i dag, og korleis kan vi i Indre Sogn best samle kreftene og samarbeide for å vidareutvikle den spennande regionen vår? Og kva med den underliggjande eldrebylgja som skyl innover oss i åra som kjem.
Senioruniversitet i Sogn (SUS) inviterer no saman med Høgskulen på Vestlandet og Sogn Næring til ein konferanse i Sogndal der vi set fokus på slike aktuelle spørsmål. Vi tek utgangspunkt i Sogndal og vil leggje særleg vekt på å drøfte ulike trekk ved forholdet mellom Sogndal og dei andre lokalsamfunna i Indre og Midtre Sogn.
Til å utfordre oss, beskrive utviklingstrekk og samanfatte framtidsutsiktene for sogneregionen har vi henta seniorforskar Knut Vareide frå Telemarksforsking, Noregs fremste ekspert på analysar av regional utvikling og vekst i byar og tettstader. I januar 2024 gav han ut boka «Hvordan skape vekst?» med undertittel «Kan steder påvirke sin egen vekst? Regional utvikling, sentralitet og attraktivitet». Desse stikkorda går rett inn i utfordringane for Sogn dei neste åra. Vareide har elles vore her fleire gonger og kjenner oss svært godt.
Tre personar vil så med ulike utgangspunkt direkte kommentere foredraget til Vareide. Deretter har vi sett saman eit par relevante samtalepanel med deltakarar frå sognebygdene for å drøfte utvikling og utviklingsmotorar i regionen. Andre viktige aktørar vil så saman med Vareide prøve å trekkje konklusjonar
Sjefredaktør Arve Uglum i Sogn Avis vil ver konferansier og leie panelsamtalane. Han vil dessutan utfordre både oss og Vareide når han skal reflektere over om vi har nok folk til å lukkast med å fylle alle byggjeplanane og -prosjekta i Sogndal for tida.
Det kan verte ein hektisk og gjevande dag. Vel møtt!