Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Sparebanken før, no og inn i framtida

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Denne onsdagen får vi besøk av Stian og Randi frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Stian skal ta oss gjennom kva banken har drive med, kva dei driv med i dag og kva slags planar dei har for framtida. I tillegg til å vere her til lunsj med påfyll blir Stian og Randi sitjande på FUS både onsdag og torsdag som eit tilbod for kundar og potensielt nye kundar. Der kan du enkelt stikke innom om du lurer på noko eller treng ein rådgjevingstime.

Kva er Lunsj med påfyll?

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakken opp i 2. etasje på Innovasjonsbygget på Campus i Sogndal, og ete lunsj saman med oss.

Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjestar som delar ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskap eller drøymen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar. Arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør. Vi i Sogn Næring er sølvlagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Avtal gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.