Tilbake til alle arrangementer

Salskurs


  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

I samarbeid med Sellit AS inviterer Næringshageprogrammet i Sogn til kurs for bedrifter innan reiseliv, handel, servering og anna næringsliv der ein har fokus på sal. Denne gangen vert kurset på både norsk og engelsk.

Salskurset er ei blanding av inspirerande teori og praktisk salstrening. All teori blir grundig forankra i eksemplar og historier, slik at deltakarane får betre grunnlag til å forstå korleis ein sjølv kan nytte seg av teorien. Me veit det blir stilt større og større krav, og ikkje minst har ein høgare forventning til kva ein god serviceoppleving inneberer.

Dei siste årene har Sellit utvikla eit program med fleire av landets største kjøpesenter og reiselivsbedrifter med hovudfokus på: «Sel meg meir, og du gjer meg ein teneste!»

I korte trekk handlar det om å skape «kremmare» og etablere effektiv salskultur i heile organisasjonen, og til slutt etablere motivasjonstiltak som varer over tid!

I samarbeid med fleire oppdragsgivarar har det verte gjennomført spørjeundersøkingar som peiker i retning av at kundar ønskjer meir proaktive og kunnskapsrike seljarar i både butikkar og i for eksempel restaurantar/reiselivs bedrifter. Om seljaren fryktar å bli oppfatta som pågåande, kan dette resultere i ein redusert serviceoppleving, i tillegg til mindre sal.

Vårt mål er å auke salet i din butikk/restaurant/hotell mm, og skape betre serviceopplevingar.


Stad og tid:

Fretheim Hotel i Flåm, 27. september 09.00 - 11.00 på engelsk. 12.00 - 14.00 på norsk.


Fretheim Hotel i Flåm, 3. oktober 09.00 - 14.00, salskurs for leiarar. Moglegheit for coaching ein til ein.

Kurshaldarar:
Terje Bjørkhaug og Øystein Vangsnes frå Sellit

Pris:
500,- per pers for målbedrifter. Kr 1 000,- per pers for andre

Mål med kurset:

Hovudmålet er å skape ein god og lønnsam salskultur.

Transport:

Ved stor nok påmelding vil vi organisere felles transport


Påmelding til post@sognefjordennh.no

Tidligere arrangement: 25. september
Innovasjon og karrieredag for ungdomskulene på Campus
Senere arrangement: 10. oktober
Frukostprat Vik: Samfunnsutvikling og Smaken av Vik