Christine Molvik som er prosjektleiar i Rein Sognefjord kommer for å fortelle om ryddedagen dei skal ha 12. september
Rein Sognefjord er det neste store prosjektet Framtidshavet skal gjennomføre i 2024. På éin dag skal dei rydde så mykje marin plastforsøpling dei greier frå verdas lengste isfrie fjord. Det er ein stor operasjon som krev at mange gode krefter samarbeider og trekker i same retning. Planlegginga er i full gang, og dei håpar at så mange som mogleg som held til rundt Sognefjorden vil vere med og bidra inn mot aksjonsdagen torsdag 12. september.