Tilbake til alle arrangementer

Økonomidagen Sogn Høst 202

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Vi gjentek suksessen - Eit bransjetreff innanfor økonomi og administrasjon. No i haust! Er du ei bedrift i Sogn som er gira på å bli kjent med framtidas jobbkandidatar? Denne dagen er for deg!(Påmelding i skjemaet nederst på sidan)

Økonomidagen som vart arrangert i våres var svært vellykka. Både studentar og bedrifter har gitt gode tilbakemeldingar. Dagen gir tettare kontakt, fleire møteplassar og høve til å bli betre kjende. Derfor inviterer Høgskulen på Vestlandet, Linjeforeininga for økonomi i Sogndal (ØKS), HVL Skape og Sogn Næring bedrifter i Sogn til Økonomidagen høst 2024 den 30. oktober klokka 14.30 på Høgskulen!

Bedriftene får møte studentar frå Handelshøgskulen i Sogndal. Studentane kjem primært frå bachelor- og masterstudia i økonomi og administrasjon, og bachelor i økonomi og jus. Du kan lese meir om insituttet ved Campus Sogndal her.

I tillegg til nettverksbygging, får bedriftene syne sine jobbmoglegheitar for studentane. For eksempel praksisplassar, deltidsjobbar og/eller ein spennande jobb etter endt studie. Frå og med våren 2025 skal fleire studentar i praksis. Fagfelta studentane skal ut i er mellom anna : 

  • Administrasjon og leiing

  • Bank og finans 

  • Marknadsføring

  • Industri og innovasjon

  • Teknologi

  • Næringsutvikling

  • Konsulenttenester

  • Revisor og rekneskapsførarverksemder

  • Økonomi- og eller rekneskapsavdeling i privat eller offentleg verksemd

  • Forsikring 

  • Reiseliv

Bedriftene er velkomne til å ha stand i lokalet. Vi utfordrar dykk også til å halde ein «bedriftspitch» på maks 5 minuttar om de ønskjer. Der får de fortelje kva jobbkandidatane får oppleve i di bedrift. I år har vi bedriftspitch fyrst slik at studentane kan få vite litt meir om bedriften før dei kjem på stand. Det vil i tillegg bli servert mat og det blir mykje tid til å bli kjende med kvarandre og bygge nettverk.

Dersom de ynskjer bedriftspitch, gje beskjed til frida@sognnaring.no innan 23. oktober.


Førebels program, 14:30-17.00:

  • Velkomen v. HVL, ØKS og Sogn Næring

  • Bedriftspitch (talet på påmeldte bedrifter vil vere med å avgjere lengden på bedriftspitch økta)

  • Stands og mat (Vi vil sørge for at det blir god tid til stands og mingling)

  • Avslutning


Meld deg på i skjemaet om du ynskjer å delta. Det er ingen påmeldingsavgift. De kan stille fleire frå bedrifta om dykk ynskjer. Vi oppmodar bedriftene til å delta med tilsette frå ulike nivå i organisasjonen. Ved påmelding vil de få meir informasjon fortløpande.

PS! Påmelding for studentar kjem i eit eige skjema frå ØKS.

Har du spørsmål, eller ynskjer du meir informasjon? Ta kontakt med frida@sognnaring.no

Senere arrangement: 31. oktober
Næringspub Balestrand