Vi inviterer til ein spennande Lunsj med påfyll der co-forfattaren av boka Toppturar i Sogn, Andreas Haslestad, deler historia bak boka som har blitt ein favoritt blant toppturentusiastar i Sogn. Andreas vil fortelje om korleis boka blei til, kven som var dei største pådrivarane, og korleis prosessen gjekk frå ide til ferdig produkt. Han vil også dele erfaringar rundt kva som var mest krevjande og kva som var mest moro undervegs, samt korleis boka har gjort det i dag. Kanskje får vi også vite om det kjem ei ny bok?
Andreas Hasslestad er snønerd, kurshaldar, skredvarslar og tindevegleiar. Som ein av Norges fremste ekspertar på snø og ein av landets mest erfarne fjellførarar, er Andreas alltid på jakt etter det perfekte sporet og den beste snøen – ein søken som aldri tek slutt.
Fra Andreas vil me få innblikk i den kreative prosessen bak boka, utfordringane og oppturane undervegs, og korleis ei slik bok blir skapt frå botnen av. I tillegg får vi kanskje vite kva framtida bringer for Hasslestad og toppturprosjekta hans.
Vel møtt
Kva er Lunsj med påfyll?
Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakken opp i 2. etasje på Innovasjonsbygget på Campus i Sogndal, og ete lunsj saman med oss.
Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjestar som delar ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskap eller drøymen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar. Arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør. Vi i Sogn Næring er sølvlagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Avtal gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.