Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Flyyt Guiding

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Lunsj med påfyll: Vetle Dirdal og historia bak Flyyt Guiding og Sognasnøen

Vi får besøk av Vetle Dirdal – gründer, skivegleiar og mannen bak Flyyt Guiding og Sognasnøen Her får du eit innblikk i korleis han har kombinert lidenskap for fjell og snø med lokal kunnskap for å skape noko heilt spesielt i laussnøparadiset Sogn.

Om Flyyt Guiding
Flyyt Guiding er eit lokalt guidefirma som prioriterer tryggleik, skiglede og fantastiske skiopplevingar i høg kvalitet. Ved hjelp av lokalkunnskap, erfaring og kompetanse finn Flyyt Guiding den beste og tryggaste snøen i det mest spennande terrenget Sogn kan by på. Dei dyktige guidane har høg utdanning og kvalifisering, noko som sikrar ei trygg og minneverdig oppleving for alle deltakarane.

Kva får du høyre?
Vetle Dirdal vil dele historia bak Flyyt Guiding og Sognasnøen – frå inspirasjonen og motivasjonen bak prosjekta, til utviklinga av dei til viktige bidrag for reiselivet og opplevingsnæringa i Sogn. Foredraget gir eit innblikk i korleis kunnskap om snø og lidenskap for fjella kan bli ein berekraftig del av lokal verdiskaping.

Praktisk informasjon:

  • Tid: 1130

  • Stad: Innovasjonsbygget andre etasje

  • Pris: gratis

Ta med lunsjen din og bli med på ein inspirerande samtale om fjell, snø og skiglede

Velkomen til ein lunsj full av påfyll!

Forrige
Forrige
21. januar

Lansering av Sognacamp

Neste
Neste
28. januar

Kickoff: Reiseliv i Vik