Vi skriv framleis berre januar, men om få månadar inntek reisande frå heile verda Sogn og Vik. Kva moglegheiter gir dette for nye arbeidsplassar og tilbod i Vik? Vi kickstartar sesongen med å samle alle som er engasjerte og interesserte. Velkommen!
Driv du reiselivsbedrift i dag? Har du produkt å selje som besøkande i Vik kan vere interessert i? Har du ein idè til ein opplevelse, eit produkt eller ei bedrift som du vil lufte med kollegaer? Vi kickstartar turistsesongen saman. Alle som er interesserte er velkomne til å delta.
Sogn Næring, Visit Sognefjord og Vik næringssamskipnad invtierer til ein hyggelig kveld med gode kollegaer. Vel møtt!
Stad: Blix hotell
Når: Tysdag 28. januar, 18.00-20.00
Program
Velkommen! v/Sogn Næring
Korleis får vi ut potensialet for Vik? v/Solrun Hjelleflat
Solrun Hjelleflat har lang erfaring med reiselivsutvikling, mellom anna frå Flåm som CEO for Norway’s Best og utvikling av Feddie Ocean Destillery på Fedje. Der har ho sett korleis reiselivet kan bidra til å bygge opp tilbod som kjem lokalbefolkninga til gode. Erfaringane tek ho med seg til Vik, og deler inspirasjon og erfaringar vikjene kan ta med seg inn i reiselivssesongen 2025 og vidare.
Oppsummering sesongen 2024 på turistinformasjonen
Cruiseanløp i 2025 v/Ole Petter Ramberg, Vik kommune
Slik jobbar Visit Sognefjord for Vik v/Anne Merethe Feigum, Visit Sognefjord
Trendar og målgrupper
Komme i gang?
Rammene: ledig næringsareal, støtteordningar og folka som kan hjelpe deg i gang
Pause
Workshop! Kva kan næringslivet i Vik gjere for løfte Vik som reisemål, og skape meir aktivitet? v/Fasilitator Solrun Hjelleflat