Tilbake til alle arrangementer

Einsamt og håpefullt hus søkjer driftig partnar

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Er det deg (eller dykk) eg ser etter? Eg er Bondevikhuset. Eit gamalt, ærverdig, men framleis sprekt hus midt i sentrumsparken i Sogndal.  

Omgitt av frukttre, grøne plenar og leikande born, drøymer eg om nokon som vil fylle meg med liv, lukta av nybakte kanelbollar og lyden av gode samtalar over ein kopp kaffi.  
 
Du treng ikkje like turar i skog og mark. Det er ein fordel om du likar det gode liv på terrassen, kunst på veggane eller å skape noko med hendene. Eg drøymer om å dele tida mi med nokon som  likar å lage møteplassar for folk som ikkje har det frå før."Kanskje du ønskjer å hjelpe andre ut i arbeidslivet ved å tilby dei jobb hos meg? Eg har ikkje dobbeltseng og eigen sjark. Men eg har eit kjøken, store vindauge, mykje husrom og sjel. Det er lett å tenke at vegen til hjartet mitt går gjennom nybakte bollar. Men eg let meg gjerne overraske og overbevise om nye, spennande påfunn. 

💌 Bill.mrk: Alle som er interesserte i å opprette kontakt, er velkomne på besøk på Bondevikhuset 11. februar klokka 16.00-18.00 til eit uforpliktande første møte for bli betre kjende.  

Sogn Næring, Sogndal kommune og andre engasjerte folk stiller opp, delar informasjon og svarer på det du måtte lure på om huset, leige og konseptutvikling.

Idèen din treng ikkje vere ferdig tenkt eller teamet ferdig spikra. Kanskje møter du nokon du vil lage konseptet saman med.

Meld deg på her:

Forrige
Forrige
5. februar

Praktisk info for nytilsette på Caampus

Neste
Neste
12. februar

Lunsj med påfyll: Amfi Sogningen