Tilbake til alle arrangementer
Detaljhandelen er i endring – og Amfi Sogningen er med på utviklinga! Bli med på ein spennande «Lunsj med påfyll» der vi får innsikt i både framtidsplanane for senteret og dei nyaste trendane i handelen.
Amfi Sogningen er i gang med ei oppgradering, og no får du høve til å sjå kva som er planlagt fram mot våren. Kva skal fornyast? Korleis vil senteret sjå ut etter oppussinga? Og kva betyr dette for butikkane og kundane?
I tillegg vil vi få eit innblikk i trendar og utvikling i detaljhandelen. Kva påverkar kjøpsmønsteret i dag? Korleis tilpassar butikkar og kjøpesenter seg endra forbrukarvanar?
Dette blir ei lærerik og inspirerande lunsjstund for alle som er interesserte i næringsutvikling og handel i regionen.