Tilbake til alle arrangementer

Rekruttering i Vik - Fra utfordringar til løysingar

  • Blix hotell 44 Sentrumsgata Vik i Sogn, Vestland, 6893 Norway (kart)

Påmelding finn de nedst.

📅 Dato: Torsdag 27. februar 2025
Tid: 19:00 – 21:00
📍 Stad: Blix Hotell
⚖️ Utfordring: Det er eit gap mellom det arbeidstakarar vil ha og det Vik tilbyr
🎯 Mål: Identifisere konkrete tiltak for å styrke bu- og blilyst i Vik kommune

Bakgrunn

Vik kommune har unike ressursar, eit aktivt næringsliv og sterke fellesskap, men står samtidig overfor utfordringar knytt til busetjing, rekruttering av arbeidskraft og vidareutvikling av næringslivet.
Korleis kan vi skape fleire moglegheiter for innbyggjarane, stimulere til vekst og sikre at Vik forblir ein attraktiv stad å bu og jobbe?

Dette arrangementet samlar næringsliv, offentlege aktørar, organisasjonar og innbyggjarar for å finne løysingar saman. Gjennom inspirasjonsinnlegg og ein interaktiv workshop skal vi identifisere konkrete tiltak som kan bidra til å styrke bu- og blilysta i kommunen.

Vi inviterer deg til å delta, dele dine perspektiv og vere med på å forme framtida for Vik!

Program

1️⃣ Velkomst og introduksjon (10 min)

2️⃣ Inspirasjon og erfaringar frå Viksdalen (15 min)

3️⃣ Workshop – Frå utfordringar til løysingar (60 min)

4️⃣ Oppsummering og vegen vidare (15 min)

Arrangeres av Sogn Næring, Highsoft og Vik Kommune

Gratis deltaking – bli med på å forme framtida for Vik!

Forrige
Forrige
20. februar

Fjellpitch 2025

Neste
Neste
7. mars

TeknoJentedag på ViteMeir