Velkommen til TeknoJentedag for jenter frå ungdomsskolane og VG1 i Sogn!
Prosjektet Teknojenter inviterer unge jenter (ungdomsskule og VG1) i Sogn til ein spennande teknologidag på ViteMeir 7. mars 2025 kl. 10.00–14.30.
Teknologifag spelar ei nøkkelrolle i næringslivet i Sogn, og behovet for teknologikompetanse er aukande. Skal me sikra verdiskaping og omstilling i det digitale og grøne skiftet, treng me at fleire unge – spesielt jenter – vel teknologirelaterte utdanningar og yrke.
For å møta denne utfordringa, har eit sett aktørar i Sogn drege i gang rekrutteringsprosjektet “Teknojenter”. Prosjektet er leia av Vestlandsforsking, og i tillegg er det med store verksemder og nøkkelaktørar frå heile Sogn. Målet er å utvikla gode praksisar som motiverer jenter til å velja teknologifag, og dermed bidra til auka mangfald og inkludering i teknologibransjen. Meir om prosjektet TeknoJenter kan du lese hjå Vestlandsforsking her.
Praktisk informasjon:
Målet med denne dagen er å dykka djupare ned i kva som motiverer jentene til å velja teknologifag, og gje dei inspirasjon og meistring gjennom dagen. Det blir inspirasjonsføredrag med kvinnelege rollemodellar, stasjonar med praktisk, teknologi-basert moro og høve til både testing og meistring. Me vil gjennom dagen samla inn svar frå jentene sjølve på spørsmålet «Kva vil motivere deg til å gå for ei teknologiutdanning?»
Målgruppa er ungdomsskulejenter og VG1-jenter. I tillegg oppmuntrar me til deltaking frå lærarar, rådgjevarar og gjerne foreldre, som kan vere ein viktig heiagjeng rundt jentene. (PS: me opnar opp for påmelding frå foreldre dersom plass etter påmeldingsfristen)
Elevane tek med eiga niste, elles er det mogleg å handle mat i SmakeMeir-kafèen.
Me ordnar med busstransport til og frå skulane. Meir informasjon blir sendt ut til kontaktperson ved skulane når det nærmar seg.
Skulane melder på jentene og lærarar/rådgjevarar samla. NB: Frist for påmelding er 13. februar 2025.
Påmeldingsskjema finn du under:
Ved spørsmål om arrangementet, ta kontakt med Frida frå Sogn Næring, frida@sognnaring.no eller prosjektleiar Torunn Hønsi hjå Vestlandsforsking, tho@vestforsk.no
Velkommen! Helsing aktørane i prosjektet Teknojenter:
Prosjekteigar:
Vestlandsforsking
Finansiert av:
Vestland fylkeskommune
Aktørar:
Sogn Næring
Sogndal vidaregåande skule
ViteMeir
Høgskulen på Vestlandet
Årdal Utvikling
Årdal vidaregåande skule
Hydro
DigDir
Sogn Opplæringskontor
Sognarådet
Saman gjennomfører me workshops, utviklar pilotprosjekt og designar tiltak som har som mål å rekruttere fleire jenter til teknologifag.