Frukost blir servert kl 0800-0830
Faglig påfyll 0830-1000
Vi sparkar i gang årets første Frukostprat – og kva betre stad å gjere det enn i skitrekket? Målet vårt er å løfte fram det gode arbeidslivet her i Sogn, ikkje minst korleis jobben kan kombinerast med ein aktiv og innhaldsrik fritid.
Tenk deg dette: Eit fagleg frukostmøte der du kan knyte nettverk, lære noko nytt – og samtidig har alle deltakarane på seg skiklede, klare til å ta ein tur i bakken etterpå. Kanskje det kan telje som trening i arbeidstida?
Kor kult hadde det ikkje vore om vi kunne fått ein artikkel som lød: "I Sogn møter dei opp på frukostmøte i skiklær"! Er ikkje dette definisjonen på ein fantastisk stad å bu og jobbe, så veit ikkje vi.
Og om ikkje det er nok: Vi har også med oss dyktige og inspirerande foredragshaldarar som vil dele innsikt og erfaringar du ikkje vil gå glipp av.