Tilbake til alle arrangementer

Pitchekurs

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Pitchekurs med HVL Skape og Sogn Næring

Har du ein gründeridé du vil selja inn? Eller kanskje du vil imponera i eit jobbintervju, presentera eit prosjekt, eller overtyda nokon om ei løysing? På dette kurset tek me deg gjennom stega for å få til ein god pitch, før du sjølv får prøva deg på å pitche! 🚀✨

Bli med på pitchekurs med HVL Skape og Sogn Næring

Kurset krev ingen forkunnskapar og er heilt gratis. Det blir servert mat og drikke frå Saman, registrer deg her innan måndag 27. januar for å få mat.

Når: 29. januar 16:00. Vi rekner med vi held på til ca. 17.30

Kvar: På Læringslaben (På Høgskulen, i etasjen rett over Idrettssenteret, inn gangen forbi GG Sogndal). Sjå mazemap her

Dette kurset er også ei perfekt førebuing til Fjellpitch, som blir arrangert under Fjellsportfestivalen! Der kan du konkurrera om fleire prisar, der førstepremien gir ein premie til verdi av 50 000 kr til utvikling av ideen din.💡

Forrige
Forrige
29. januar

Lunsj med påfyll: Truelink - robot og kunst

Neste
Neste
5. februar

AVLYST: Frukostprat Rindabotn: Employer branding og karriereklatring med ski på bein