Tilbake til alle arrangementer

Frukostmøte: Reiselivsutvikling og besøksbidrag

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Velkomne til frukostmøte om reiselivsutvikling med Venstre i Sogn!

Velkomen til frukostmøte 21.mars, kl. 8.30-11. I Sogndal, Høgskulebygget i auditoriet Storen.
Påmelding innan 19.mars, via Sogn Næring

Sognefjorden er blant Noregs mest besøkte reisemål og skaper store lokale verdiar, men også utfordringar. Kva er status for reiselivsutviklinga? Korleis styrke berekraftig utvikling av verksemder, reisemål og stader å bu? Kva betyr besøksbidrag for reiselivet i Sogn?

I møtet deltek stortingsrepresentant Alfred Bjørlo. Alfred ønskjer status frå Sogn og innspel til Stortingets behandling av forslaget til besøksbidrag.

Kl. 08.30 Kaffi og matbit
Kl. 09.00 Velkommen!
Kl. 09.10 Sognefjorden som reisemål: status og framtidsutsikter ved Heidi Hauge, Visit Sognefjord
Kl. 09.30 Gode stader å besøka og bu: strategiar og tiltak i kommunane, ved Yngve Hallen, Sognarådet
Kl. 09.50 Beinstrekk
Kl. 10.00 Besøksbidrag – forslag og behandling i Stortinget
Innleiing ved stortingsrepresentant Alfred Bjørlo
Innspel frå Bakka camping ved Olav Magne Dyrdal og Fjærland fjordstove ved Inna Jordal
Open drøfting
Kl. 10.50 Oppsummering
Kl. 11.00 Takk for deltakinga, vel heim!

Innlegg frå Visit Sognefjord, verksemder, kommunar med fleire. Innspel besøksbidrag

Frukostmøtet vert arrangert av Venstre i Sogn, med deltaking frå Sogn Næring, Visit Sognefjord og HVL.

Forrige
Forrige
12. mars

Studietur til England med Sogn frukt- og siderlaug

Neste
Neste
23. mars

Seminar: Cider & Food pairing