Tilbake til alle arrangementer

Studietur til England med Sogn frukt- og siderlaug


  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Herefordshire i England er kjent for sin rike sidertradisjon og frodige frukthagar. The Ciderologist, Gabe Cook tek oss med til sine favorittar blant sider- og perryprodusentar i regionen. Det blir god mat i samspel med god drikke, og mykje inspirasjon å ta med heim til Sogn.

Program og reiserute er skreddarsydd av Gabe Cook, som sjølvsagt også blir med som guide dei første tre dagane.Han er ein prisvinnande siderekspert som brenn for å gje sider den respekten han meiner drikken fortener.

Gabe kjem frå grenseområdet mellom Gloucestershire og Herefordshire, og skal guide oss rundt i sin heimregion. Med erfaring frå heile verda bringer han med seg eit unikt perspektiv og ei ekte lidenskap for sider. Med Gabe som guide utforskar vi kulturen, historia og smaken av sider på ein måte som set seg både på smaksløkane og i minneboka.

Vi har base i Hereford, ein by sentralt i regionen. Den er kjend for å ligge langs elva Wye, og den store middelalderkatedralen Hereford Cathedral i lys stein. Ein by med brusteinsgater og hus i tømmer og stein frå 1700-talet, men også ein blomstrande scene for restaurant og matopplevingar. Desse kjenner sjølvsagt vår guide Gabe Cook godt, og vi et der han seier vi skal ete.

Vi skal besøke eit godt utval produsentar i området. Blant dei er Little Pomona, ein relativt ny aktør som allereie nyt høg annerkjennelse i Storbritannia. Dei er kjende for å bruke metodar frå vinverda til å lage sponangjæra og tradisjonelle siderar og perry. Den økologiske frukt- og siderprodusenten Newton court er kjende for sine gode besøksopplevingar og lunsjar med lokale råvarer. Oliver`s cider & perry, Tom Oliver, er kjend for sine vågale villgjæra sidrar. Skitterys Orchard dyrkar og sel eple til fleire av dei store siderprodusentane, og lagar også sin eigen. Familieeigde Westons er den fjerde største siderprodusenten i Storbritannia, og driv med både tradisjonell og moderne siderproduksjon. Ross Cider spesialiserer seg på å lage sider og perry av ein sort om gongen, og har over 100 ulike variantar.

Den siste dagen på tur reiser vi vidare til Somerset, der dei er kjende for å lage sider på ete-eple. I Somerset besøker vi Wilkins Cider og The Newt, kjende for sine besøksopplevingar på den meir luksuriøse sida.

Turen er eit samarbeid mellom Sogn frukt og siderlaug og Sognefjord næringshage.

Gabe Cook, The Ciderologist, her på eit tidligare kurs i Balestrand. No skal vi få besøke Gabe på hans heimebane, i England.

Pris og påmelding

Turen er delfinansiert av Sogn frukt og siderlaug og Sognefjorden næringshage. Ein må vere målbedrift i Sognefjord Næringshage for å få rabattert pris (50 prosent) på studieturen. Målbedriftsavtale kostar 3000 for bedrift med 0-5 tilsette, og 5000 for bedrift med 6-20 tilsette. 

Pris per person i enkeltrom: 6000,- med målbedriftsavtale i Sognefjorden næringshage  (pris uten målbedriftsrabatt: 12 000,-)
Pris per person i dobbeltrom/twinrom: 4500,- med målbedriftsavtale i Sognefjord Næringshage (pris uten målbedriftsrabatt: 9 000,-)

Prisen inkluderer:

  • 4 overnattingar (inkludert frukost)

  • Transport på turen

  • Guiding v/ Gabe Cook

  • Alle aktivitetar og bedriftsbesøk

  • Lunsj x 3

  • Middag x3

Flybillettar er ikkje inkludert, og må bestillast av dykk sjølve så snart de får bekrefta plass på turen.

Påmeldinga til denne turen er stengt.

Kjem du frå ei bedrift i ein annan region? Ta kontakt, så ser vi om vi kan ordne avtale med din lokale næringshage.

Ta kontakt med Sigrid Skjerdal på Sigrid@sognnaring.no/41454344 om du har spørsmål om turen eller påmeldinga.

Forrige
Forrige
8. mars

Markering av kvinnedagen

Neste
Neste
27. mars

Inspirasjonslunsj på Sirkulærdagane ved HVL