Lunsj med påfyll: Frå låve til levebrød – historien om Luster Mikromakeri
Onsdag 23. april får vi besøk av Troels Rosenkrantz Fuglsang frå Luster Mikromakeri – eit nystarta kreativt fellesskap for frilansarar i Indre Sogn.
I dei nyrenoverte lokala på Øyralåven i Luster har han og fleire andre handverkarar og skapande sjeler funne saman. Kvar og ein har sitt eige verkstadrom, men saman dannar dei eit miljø prega av mangfald, skaparglede og samarbeid.
Troels har bakgrunn frå både metallarbeid og møbelsnikring, og har vore med heilt frå starten på Mikromakeriet – eit prosjekt som kombinerer gjenbruk, småskala næring og fellesskap. I dette foredraget får du høyre korleis dei har gitt nytt liv til ei gammal låve og skapt eit moderne samlingspunkt for lokal verdiskaping.
Ta med deg matpakka og bli inspirert – dette handlar om meir enn berre snekring. Dette handlar om draumar i arbeid.
🕛 Tid: Onsdag 23. april kl. 11.30
📍 Stad: Sogn Næring