Frukostmøte 24. april – Verda og vi: Korleis påverkar dei store linjene det lokale næringslivet?
I samarbeid med Eigargruppa Campus, Sogn og Fjordane Næringsråd og Sogn Næring inviterer vi til frukostmøte på Quality Hotel Sogndal onsdag 24. april.
Kva påverknad har dei geopolitiske utfordringane for oss i næringslivet? Treng vi ha fokus på krig, USA og Russland, eller kan vi trekke ned rullegardina og leve i vår eiga boble i Sogn?
Sogn og Fjordane Næringsråd har dei siste månadene arbeidd med medlemspleie og -verving, og tek no med seg det opne møtekonseptet vidare til fleire stader i fylket – denne gongen til Sogndal. I samarbeid med Sogn Næring og Eigargruppa Campus inviterer vi til eit frukostmøte med høgaktuelle tema og dyktige innleiarar.
Quality Hotel Sogndal
Frukost blir servert frå kl. 07.30. Programmet startar kl. 08.00.
Gratis og ope for alle – men hugs påmelding!
Program:
07.30 Frukost
08.00 Velkomen
Sogn Næring, Eigargruppa Campus og Sogn og Fjordane Næringsråd ønskjer velkomen
08.10 Trump 2.0 – er det ein raud tråd i kaoset?
Ketil Solvik-Olsen
Tidlegare samferdselsminister og USA-kjennar
Trump har dominert mediebiletet i ei årrekke. Hans utspel skaper både begeistring og uro – men kva betyr det for oss her heime? Solvik-Olsen deler erfaringar og refleksjonar frå politikk og opphald i USA, og hjelper oss å forstå kva vi kan vente oss dersom Trump får ein ny periode.
09.30 Kaffepause
09.45 Vi og verda – konsekvensar for lokalt næringsliv
Roy Stian Farsund, direktør bedriftsmarknad, SpareBank 1 Sogn og Fjordane
Korleis påverkar det store makrobiletet investeringar, eksport og kvardagen i små og mellomstore bedrifter i Sogn? Farsund gir eit økonomisk blikk på kva som rører seg, og kva næringslivet bør førebu seg på framover.
10.00 Makrobildet i ei uroleg verd
Per-Hermund Høgheim, Sparebanken Vest Markets
10.15 Vell hjem