Sogn Næring, Vik Næringssamskipnad og Vik kommune inviterer til frukostmøte på Blix Hotell 5. mai kl 07:30. Tema denne dagen vil vere revisjon av kommunalplanen sin arealdel.
Vik kommune er no i gang med å revidere arealdelen til kommuneplanen. Fokusområde for revisjonen er nye område for bustad og for næringsformål, med hovudvekt på hovudsoknet. På frukostmøte vil plansjefen fortelja om arbeidet med revisjonen av arealdelen - målet er at ein ny arealdel skal gi ei god utvikling i kommunen dei neste 12 åra. Vik kommune er derfor interessert i å høyra kva ynskjer og behov næringslivet i kommunen har! Me tek og imot innspel på møtet. For meir informasjon sjå fastsatt planprogram og tidlegare innspel her.
I tillegg til dette vil me informere om eit HR-nettverk som er under planlegging og ordføraren kjem for å dele ut miljøfyrtårn til fire lokale bedrifter.