Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll - Det viktigaste klimaspørsmålet me ikkje snakkar om

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Kva er grunnen til at stadig fleire forskarar meiner at økonomisk vekst ikkje let seg foreina med å løysa klima- og miljøproblema? Torbjørn Selseng, forskar ved Vestlandsforsking, kjem til Campus Sogndal for å gje oss eit innblikk i dette spørsmålet.

Sidan 70-talet har me jamnleg blitt advart mot klima- og mlijøkonsekvensane av økonomisk vekst. Basert på sentrale prinsipp i fysikken og økologien har forskarar argumentert for at det er ei grense for veksten. Men kvar gong diskusjonen om å bremsa veksten har hamna på bordet, har me kome opp med argument for å legga den vekk. Framleis er økonomisk vekst det viktigaste målet for samfunnsutviklinga i dei aller fleste samfunn.

———————————————————————————————
Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss.
Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.
Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.
Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet. See less