Tilbake til alle arrangementer

Vi inviterer til styrekurs i Sogndal!

  • Quality hotel Sogndal 5 Gravensteinsgata Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

12. september arrangerer vi styrekurs saman med PwC.

Målgruppa er dagleg leiarar, styremedlem og potensielle nye styremedlem i næringslivet i Sogn. Vi oppmodar og dei som ynskjer erfaring med styrearbeid om å delta.

Målsettinga er å gi deltakarane på kurset:

  • Oversikt over leiar- og styrerolla samt dei viktigaste oppgåvene for leiar- og styret

  • Oppdatert kunnskap om nye krav og rapporteringsplikter

  • Praktiske tips

  • Motivasjon og grunnleggjande kompetanse til å arbeide i eit styre

Kurset er og ein fin plass å treffe andre næringslivsleiarar og styremedlem i regionen. Vi legg difor opp til gruppearbeid og erfaringsutveksling i løpet av dagen.

Pris:

Pris per deltaker er kr. 3 500 eks. mva

Verksemder som er leigetakar på Fus og målbedrifter i næringshagen betaler kr. 1750 eks. mva for inntil to deltakarar.

(Ved avbestilling etter 05.09.23 fakturerast 50% av kostnaden per deltakar. Dersom ein ikkje møter på kursdagen, fakturerast 100%)

Er du ikkje målbedrift, men ynskjer å bli det? Da kan du enten kontakte oss eller klikke på påmeldingsskjema under og krysse av i boksen for at du ynskjer å bli målbedrift, så sender vi deg informasjon om å bli målbedrift.

Prisen inkluderer kurs, quality brake og 2-rettars lunsj.

Program for dagen

08:30 Kaffi og mingling

09:00 Kursstart

11:30 Lunsj

15:00 Oppsummering

Kurshaldarane

Emil Goberg Solheim - Senior manager i revisjon

Bodil Marie Myklebust - Direktør og advokat i advokatfirmaet PwC