Det nærmar seg val! Arve Uglum, redaktør i Sogn Avis, gir oss Sogndalspolitikken på 1-2-3.
Ni forskjellige parti stiller liste til kommunevalet 11. september. Korleis har det politiske landskapet i Sogndal kommune blitt som det er i dag? Kven av partia jobbar saman, og kva saker skiller og samlar dei? Ein uhøgtidlig analyse, levert på rappen av ein munnrapp redaktør i lokalavisa.
Du treng ingen førkunnskapar for å ha glede av denne utgåva av lunsj med påfyll.
Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakken opp i 2. etasje på Innovasjonsbygget på Campus i Sogndal, og ete lunsj saman med oss.
Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjestar som delar ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskap eller drøymen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar. Arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.
Vi i Sogn Næring er sølvlagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Avtal gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet