I august flytta Ella Anker til Sogndal frå Austlandet. Her jobbar ho for tida som trainee ved Kunnskapsparken Vestland.
Ella er det ein kan kalle den «utypiske tilflyttaren», då det ikkje var dei adrenalinfylte aktivitetane som trakk ho hit. Kva visste Ella om Sogndal før ho flytta hit og kva har ho lært etter å ha budd her i åtte månader? Ho deler sine tankar om korleis Sogndal kan bli betre på å vere ein heim for dei som ikkje bruker store delar av fritida si i fjellet og skogen.
Sogn Næring inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss. Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør. Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.