Tilbake til alle arrangementer

Næringspub i Sogndal: Fjøra 2.0

  • Fjøra Gastro & Pub Almenningen 4, 6856 Sogndal Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Saman med Fjøra Gastro & Pub inviterer Sogn Næring til næringspub i Sogndal tysdag 18. april frå klokka 19.00.

Erlend Fardal Lunde og Victor Aguiar har det siste året starta fleire tilbod i Sogndal. Kva gjer at dei satsar, og kva tankar har dei om Fjøra 2.0?

Sogndal har dei siste 30-40 åra hatt ein rivande utvikling, men samfunnsutvikling er ein jobb som ein aldri blir ferdig med. Skal Sogndal, og spesielt Sogndalsfjøra ha suksess i framtida må ein tileigna seg meir urbane kvalitetar. Attraktive serveringsstadar for ulike behov og folk er difor heilt avgjerande.

Erlend Fardal Lunde og Victor Aguiar driv fleire spennande matkonsept i Sogndalsfjøra. I vår tek dei også over Kafè Krydder i Sentrumsparken. Bilde av dei to foran kafeen.

Erlend Fardal Lunde og Victor Aguiar satsar på servering i Sogndalsfjøra.

Korleis kan vi saman skape eit levande sentrum?

Samfunnsutviklarane Ingrid Annette og Elisabet fortel korleis dei jobbar med stadutvikling i kommunen og korleis dei vil jobbe saman med innbyggarane og næringslivet for skape eit sentrum alle kjenner seg heime i.


Det blir lagt opp til ein flytande dialog med moglegheit for å stille spørsmål undervegs. Målet er å skape ei kreativ atmosfære der aktørar kan møtast og få inspirasjon og kanskje lære noko nytt av dei mange innovative folka som finst i og rundt Sogndal.

Arrangementet er ope for alle, og det blir tid til å prate og bli kjent undervegs og i etterkant av arrangementet. Velkommen!