Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: E- Sport Sogndal

  • Lunsjrom 2. Etg Innovasjonsbygget Campus Sogndal 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

E- Sport Sogndal ynskjer å skape engasjement og aktivitet for e-sport i Sogndal. I tillegg til å konkurrere nasjonalt i spelet FIFA, skal dei leggje til rette for sosial gaming for born og unge med særskilt fokus på kombinasjonen gaming og fysisk aktivitet.

Jim Skarstein og Christoffer Igrens kjem for å fortelje korleis E- Sport Sogndal ynskjer å bidra med å hindre utanforskap ved å skape ein møteplass for born og unge der ein kan dyrke sine gaminginteresser i trygge rammer. E-sport Sogndal skal bli ein arena der ein kan drive med sosial gaming i tillegg til at det skal bli tilrettelagt for dei som ynskjer å bli så gode som mogleg.

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss.Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør. Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.