Tilbake til alle arrangementer

Frukostmøte: Skatteutvalet og konsekvensar for næringslivet

  • Quality Hotel Sogndal Gravensteinsgata 5 Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Saman med PWC inviterar me 26. januar inn til frukostmøte på Quality hotel Sogndal.

Me spanderar frukost og kaffi, og PWC kjem for å informere om Skatteutvalet og konsekvensar for næringslivet.

19. desember la Torvik-utvalet fram sin gjennomgang av det norske skattesystemet. Utvalet har gjennomført den mest omfattande vurderinga av skattesystemet på fleire tiår, og har kome med sine forslag til endringar.

 

Vi inviterer til ein gjennomgang av Torvik-utvalget sin rapport der vi ser nærmare på

-       Kva dei mest sentrale forslaga inneber 

-       Kva konsekvensar dette kan få for næringsliv og eigarskap

-       Kva skjer fremover?

 

Om Skatteutvalget

Utvalet, leia av Ragnar Torvik, vart sett ned sommaren 2021 av Solberg-regjeringa. Seinere kom finansminister Vedum med eit tilleggsmandat der utvalet blant anna fekk i oppgåve å vurdere korleis skattesystemet kan bidra til omfordeling, herunder formuesskatten si rolle.

Utvalet si hovudoppgåve har vore å vurdere korleis dei samfunnsøkonomiske kostnadane ved skattesystemet kan haldast låge i lys av nasjonale og internasjonale utviklingstrekk. Tema som er vurdert er mellom anna personbeskatning, selskaps- og kapitalbeskatning, beskatning av multinasjonale selskap, skatt på forbruk, miljø- og ressursbeskatning og omfordeling.

 

Etter frukostmøtet er både PWC og Sogn Næring tilgjengelege for dei som vi slå av ein prat. 

 

Senere arrangement: 1. februar
Lunsj med påfyll: E- Sport Sogndal