Dei siste åra har terrengsykling vokse til å bli ein av dei mest populære uorganiserte aktivitetane i Sogndal. Eit auka fokus på mobilisering, rekruttering og inkludering i arbeidet mot barn og unge kan sjåast igjen i bygging av tre pumptrackar i Sogndal kommune, samt oppstart av organisert trening for barn. Sjøv om terskelen for å starte med terrengsykkling er blitt lågare etter meir tilrettelegging, er unge jenter særs underrepresentert på tlboda. Dette ynskjer Sogn Terrengsykkel å gjere noko med! Styrerepresentant i Sogn Terrengsykkel Ida Brastad Ramsfjell kjem for å fortelje litt om planane for å snu denne trenden. Sogn Terrengsykkel er ein frivillig interesseorganisasjon for terrengsyklistar i Indre Sogn.
“Vårt hovudmål er å leggje til rette for, samt oppretthalde eit godt og bærekraftig miljø for terrengsykling som vert utvikla i tråd med lokale interesser.”
Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss.Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør. Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.