Saman med HVL Skape og Sogn U40 inviterar vi til markering av den internasjonale kvinnedagen 8.mars, på Dampskipskaien i Sogndal. Her vil vi løfte fram mangfald innanfor entreprenørskap, og Hilde G. Corneliussen vil kome for å prate om det norske likestillingsparadokset.
Vi har invitert fleire som til dagleg jobbar med å fremje entreprenørskap og teknologi, der dei vil delta i ein panelsamtale om korleis vi saman kan få fleire kvinner til å starte selskap og satse for seg sjølv.
Deltakarar i panelsamtalen:
- Trine Smukkestad Lavik, Innovasjon Norge
- Tore Frimanslund, Høgskulen på Vestlandet
- Veronica Danielsen, ViteMeir
- Hilde G. Corneliussen, Vestlandsforsking
- Kjetil Kvåle, Kunnskapsparken Vestland
Arrangementet avsluttes 19:15, men markeringa vil fortsette utanfor kommunehuset i Sogndal fra kl.19:30, med appellar og kulturinnslag, før det heile avrundes med førpremiere på filmen Women Talking på Sogndal kino.