Går det an å skape næring ut av det me kastar? Ja seier næringsrådgjevar i Lærdal kommune, Ingeborg Lysne, som kjem for å prate meir om det under Sirkulærdagane i Sogndal. Dei er i gang med eit prosjekt som skal utvikle eit konsept for ombruk, der ein får systematisere innsatsen og skape funksjonelle rammer for ombruk av ressursar som miljøstasjonen SIMAS IKS tar i mot. Konseptet byggjer på FN sine berekraftsmål og resultere i ei handbok for grundarar og verksemder som vil satse på ombruk!
Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss.Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør. Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.