Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Rocket-man Luster

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Rocket-Man kjend frå TV-serien RUS på NRK skal starte opp ein avdeling i Luster.

Rocket-Man er eit prosjekt for ungdom frå 13-18 år som står i fare for å falle utanfor fellesskapet, eller som slit med å finne sin plass i livet. Her kan du oppleve mykje spennande aktivitet i eit inkluderande og trygt miljø. Det er gratis å vere med. Målet er å skape ein gjeng ungdom og vaksne som gjer mykje gøy saman. Det skal jobbast for å skape eit miljø med fokus på tryggleik, meistring og tilhøyrsle. Her kan du vere deg sjølv, oppleve meistring og bli verdset for den du er.

Har du lyst å vite meir om dette prosjektet? Eller ynskjer du å bidra?
Ingrid Mork Nygård frå Luster kommune kjem for å fortelje meir om prosjektet og moglegheita for å bli frivillig eller aktivitetsguide (18- 30 år). Vi minner om at studentar sjølvsagt er velkomne!


Sogn Næring inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss. Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør. Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.

Senere arrangement: 22. mars
Berekraftig reiselivsutvikling