Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Kravet om tilgjengelegheitserklæring

  • Vestland Fylkeskommune 2 Askedalen Leikanger, Vestland, 6863 Norway (kart)

Obs dette arrangementet er ikkje på Fus leikanger men hjå Fylkeskommunen.

Arrangementet er ope for alle som er interresert i å høyre meir om det nye kravet om tilgjengelegheitserklæring.

Digitalisering er ein del av kvardagen, og den kan gjere kvardagen enklare, dersom vi digitaliserer på rett måte. På Leikanger finn du kontora til tilsynet i Digitaliseringsdirektoratet som kontrollerer om reglane for universell utforming av IKT vert følgde. Tilsynet lanserte nyleg ei ny obligatorisk løysing: løysinga for tilgjengelegheitserklæring, som gjeld offentlege verksemder. 

 

Kven tilsynet er, korleis dei jobbar og kva denne tilgjengelegheitserklæring er, det får du høyre meir om i lunsjforedraget med Tom Nesvåg, jurist i tilsynet,  og Dag Ove Eggum, prosjektleiar for tilgjengelegheitserklæringa. Med i foredraget er også nettredaktør i Sogndal kommune, Mariann Skau, som har delteke i tilsynets pilot for betaversjonen av tilgjengelegheitserklæring, og ho skal snakke kort om erfaringa så langt.

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss.
Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.
Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.
Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet