Regelverket kan verke stort og omfattande, det kan vere vanskeleg å vite kvar ein skal begynne og om ein har alt på plass. Andrea Opseth frå PwC vil på 20 minutt omsette lovverket på 126 sider til konkret to-do liste over elementa kvar enkelt bedrift må ha kontroll på. Og tru det eller ei, lovverket kan for mange framstå som krav og plikter - men det kan faktisk gje moglegheiter!
Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss.
Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.
Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.
Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.