Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Landbruket anno 2022 - mangesysleri og kreative inntekter

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Håvard Øyrehagen, Rockar, Bonde, Kraftprodusent og Friluftsmann kjem for å fortelje om stoda i landbruket i Sogn anno 2022. Kva må til for å lukkast i landbruket i dag? Og kor mange heiltidsbønder finst det eigentleg i Sogn? Er det dei store som står stødigast eller er dei som er kreative som har best føresetnader for å klare seg i det lange løp. Me får her eit lite innblikk i ein verden som ikkje er så vanleg å tenke på i Sogndal, for Sogndal kommune er eigentleg ein stor landbrukskommune.

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss.

Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.

Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.

Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.

Tidligere arrangement: 11. november
Frukostmøte Vik
Senere arrangement: 22. november
Utviklingskonferansen 2022: Verdsarven viser veg