Nærøyfjorden Verdsarvpark inviterer i samarbeid med Visit Sognefjord og Sogn Næring til dialogkonferanse tysdag 22. november kl. 08:30 – 15:30 på Fretheim Hotel: «Nærøyfjorden sin UNESCO verdsarvstatus som konkurransefortrinn mot 2030 – korleis bli eit av verdas best tilrettelagte, mest lønsame og mest miljøvenlege reisemål, lokalsamfunn og verdsarvområde?»
Målsettinga med konferansen er å spele opp til ein konstruktiv, framtidsretta prosess for utnytting av Nærøyfjordområdet sin verdsarvstatus som konkurransefortrinn, og synleggjere potensialet i statusen som ein drivande positiv faktor i framtidig besøks-, næring- og samfunnsutvikling.
Korleis kan verdsarvområdet og denne regionen skilje seg ut som reisemål og ta ein endå tydlegare posisjon i eit framtidig reiseliv som Fyrtårn og Grønt Reisemål med reelt innhald?
Kva kan gjerast for å styrke samarbeid og samhandling som kan føre til betre besøksfordeling i tid og rom, enno større lønsemd, enno betre miljømessig berekraft og enno betre opplevingar for gjestene?
Kan Aurlandsfjorden/ Nærøyfjorden bli det fremste reisemålet for cruisegjester med redusert mottak av cruisebåtar?
Nokre sentrale diskusjonstema vil vere grøn mobilitet, «riktige» målgrupper, marknader og reise-straumar, infrastruktur og tilrettelegging av fellesgoda, framtida for cruiseturismen i Nærøyfjorden, Sognefjorden og Vestlandet, og verdsarvstatusen som konkurransefortrinn: korleis vidareutvikle verdsarvkvalitet og innovasjon i produkta, opplevingane og lokalsamfunna?
Utviklingskonferansen skal vere del 1 av fleire møteplassar for langsiktig, innovativ og berekraftig utvikling av verdsarvområdet som reisemål og lokalsamfunn. Det vert innlegg frå framoverlente næringsaktørar, sentrale politikarar og relevante organisasjonar i tillegg til rundeborddiskusjonar og diskusjonar i plenum.
Hald av tysdag 22. november - påmeldingslenke og detaljert program kjem.
Velkommen!