Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll - Matthew tok med Rugbyen til Sogndal

  • Lunsjrom 2. Etg Innovasjonsbygget Campus Sogndal 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Matthew tok med seg lidenskapen for rugby til Sogn. Ettersom at Sogndal ikkje har ein tradisjon for sporten var han nøydd til å skape eit miljø for dette. Høyr historia om korleis han har gått fram for å engasjere bygda i dette litt ukjende fenomenet.

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss.Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør. Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.

Tidligere arrangement: 18. januar
Lunsj med påfyll - Utviklinga på Campus