Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Tre myter om Bitcoin-graving og tre måtar denne aktiviteten kan bidra klimamessig

  • Lunsjrom 2. Etg Innovasjonsbygget 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Svein Ølnes frå Vestlandsforsking kjem for å snakke om noko alle har høyrt om, men kanskje ikkje alle har heilt forstått kva er, Bitcoin mining.

Innlegget vert tredelt med fylgjande hovud tema:

1. Kva er bitcoin-graving ("mining") og kvifor er den nødvendig?

2. Tre myter om bitcoin-graving.

3. Korleis kan bitcoin-graving bidra positivt klimamessig?

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss.
Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.
Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.
Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.

Tidligere arrangement: 22. november
Utviklingskonferansen 2022: Verdsarven viser veg
Senere arrangement: 24. november
Lunsj med påfyll: Sygna vgs Balestrand