Tirsdag 25.april ønskjer vi heile utviklar-Sogn velkomen til ei kjekk samling med både fagleg og sosialt påfyll. Denne gongen er det Vestlandsforsking og HVL som er vertskap, og samlinga blir held på Læringslaben til HVL på Campus Sogndal.
Tema for samlinga: Korleis få kunstig intelligens ut i samfunnet
Å forstå automatiserte beslutningar v/Bjørn Christian Weinbach - Vestlandsforsking
Frå Jupyter Notebooks til produksjon v/Mats E. Mollestad - Otovo
Maskinlæring møter ekte læring i pedagogikken v/Elling Venjum - HVL
Etter innlegga vil det bli mingling og pizza, og vi treng difor å vite kor mange som kjem. Arrangementet er gratis.
Meld deg på her: