Saman med Ciderhuset inviterer Sogn næring til ein kveld med låge skuldrer og boblande idèar kring korleis vi kan nytte sider og anna lokal mat og drikke for å få Sogn inn på reiseruta til turistar.
Det plantast, dyrkast og forskast på kvart eit nes i regionen. På næringspub på Ciderhuset møter du andre som er interesserte i god mat og drikke og korleis vi får det til å bli god næring i regionen.
Gabe Cook, The Ciderologist, ein cider-ekspert på besøk frå England, skal inspirere oss med sitt perspektiv på regionen. Han er i Balestrand som bidragsytar på Ciderakademiet, og brenn for å endre måten vi tenker på og drikk cider.
“Once you scratch underneath the surface you too can see that cider can have all of the elegance and finesse of a fine wine and all of the character and attitude of a craft beer. “
Tuba Ardic og Gard Eitungjerde Høyvik som driv Ciderhuset er kveldens vertskap. Sidan 2022 har dei drive familiebedrifta, der dei inviterer folk frå heile verda inn i drifta gjennom ulike opplegg som work-away og chef in residence-opplegg. Dei brenn for kultur, teater og gode, lokale råvarer, og har alltid nyskapingar på gang både på tallerken og i glaset.
Endre Kleiveland er fruktbonde, siderentusiast og sit i panelet denne kvelden som styreleiar for Sogn frukt- og siderlaug. Det bugnar i fruktmiljøet i Sogn. Sidan stiftinga i 2013 har Sogn frukt- og siderlaug fått mange nye medlemmer, og fleire lokale produkt er på veg ut i marknaden.
Visit Sognefjord er destinasjonsselskapet til kommunane Høyanger, Vik, Sogndal, Luster, Lærdal, Årdal og Aurland. Dei har som mål å bygge reiselivet på naturverdiane, kulturhistoria og menneska som bur her sine premiss. Kva plass har lokal mat og drikke i deira arbeid?
Program
19.00: Sogn næring ynskjer velkommen
19.10: Gabe Cook, The Ciderologist: Cider og gastronomi. Kva potensiale ser han i cider og lokalmat frå Sogn?
19.30: Panelsamtale - Korleis kan vider og lokalmat løfte Sogn som reiselivsdestinasjon? Panelet er leia av ein representant frå Visit Sognefjord, og i sofaen sit Gabe Cook (The Ciderologist), Tuba Ardic (Ciderhuset), Endre Kleiveland (Sogn Frukt-og Ciderlaug).
Det blir rom for spørsmål og dialog frå tilhøyrarane.
20.00-22.00: Avrunding og pubkveld.
Det blir lagt opp til ein flytande dialog med moglegheit til å stille spørsmål etter kvart. Det blir servering fram til 22, og moglegheit til å kjøpe seg noko godt i glaset og snacks. Målet er å skape ein kreativ atmosfære der aktørar kan møtast og få inspirasjon og kanskje lære noko nytt av dei mange innovative aktørane som finst i og rundt Balestrand. Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades og slår gjerne av ein prat med dei som måtte ynskje det.
Arrangementet er ope for alle! Velkommen!