Næringsutvikling i Sogndal
Sogn Næring er Sogndal kommune sitt apparat for næringsutvikling og skal bidra til auka tal på arbeidsplassar i regionen.
Næringshageprogrammet
Vi opererer SIVA sitt næringshageprogram saman med Sognefjorden Næringshage. Programmet er retta mot etablert næringsliv. Målet er å gi lokale bedrifter auka mogelegheiter til vekst, ved å kople saman gode kompetansemiljø.
Gründerhjelp
Sogn Næring tilbyr rådgjevning til deg som er i oppstartsfasen. Vi eig FUS Sogn saman med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, eit kontorfellesskap med tilbod om arbeidsplass, nettverk og fagleg påfyll.
Sekretariat Eigargruppa Campus Sogndal
Vi er sekretartat for eigargruppa Campus Sogndal, på vegne av Sogndal kommune. Gruppa vart etablert i 2004 og er aktørane bak utviklinga sitt felles fora.
Sekretariat Sogndal Næringsforening
Sogndal Næringsforening er næringslivet sin eigen interesseorganisasjon og skal fremje næringslivet sine interesser og sikre at regionen har dei kvalitetane som gjer at folk ønsker å leve og bu i Sogndal.
Arrangement
Eit viktig fellestiltak for Sogn Næring er å skape faglege fora for næringslivet. Vi initierer og gjennomfører arrangement og eventer, særleg i samarbeid med andre aktørar.
Nettverk, kopling og kompetanse
Vi har god oversikt over næringslivet i vår region og ønskjer å kople ulike aktørar med kvarandre. Ønskjer du til dømes å kjøpe kurs, finne fagkunnskap eller rette personar, skal vi hjelpe deg med det.
Organisering – framtidige strukturer
Det er store endringsprosessar i offentleg sektor, endringar som kjem godt fram i rapporten Samfunnseffektar av endringar i fylkeskommune og regional statsforvaltning, utvikla av Sogn Næring.
Offentlege arbeidsplassar
På vegne av vertskommunane vil Sogn Næring vere medspelar med aktørane for å sikre eksisterande arbeidsplassar, utvikle nye arbeidsplassar, utvikle samhandling mellom kommunen og offentlege verksemder og utvikle mål og strategiar.
Reiseliv
Reiselivet er viktig næring i Sogn, og gjennom eigarskap i destinasjonsselskapet Visit Sognefjord skal vi være medspelar for utvikling i bransjen.
Kompetansetiltak
Vi arrangerer både foredrag og studieturar for å tilby kompetanseheving i vårt distrikt.
Bedriftsbesøk
Vi ønskjer å besøke bedrifter for å bli betre kjent og sjå kva vi kan hjelpe til med. Har dei utfordringar, ønskjer vi å kople på riktige aktørar og gi tilgang til relevant nettverk.
Profilbygging
Vi ønskjer å synleggjere kommunar og region som ein attraktiv lokaliseringsstad for verksemder i privat og offentleg sektor. Vi har samarbeid, med og utan partnarskap, i både idrett, organisasjonar og festivalar.
Nyskapande friluftsliv
Dette er eit satsingsområde frå Sogndal kommune. Nyskapande friluftsliv er viktig for kommunen vår, der vi alle bygger opp rundt denne visjonen.