Ein gallakveld på Quality Hotel Sogndal for å feire oss sjølv og alt det flotte som skjer i regionen!

Sognafest

Sognafest 2025 er ein historisk gallakveld i hjartet av Sogn. Her feirar vi regionen, menneska og alt det flotte som skjer her.


Frå Sogn Næring:
Bård Basberg & Line Bjelde

Prosjektside: sognaklynga.no

Det skjer 28. februar 2025 på Quality Hotel Sogndal, og berre 300 plassar er tilgjengelege.
Ein kveld med mat, kultur og stolte augeblikk. Eit høgdepunkt for alle som har hjarte for Sogn.

Sognafest arrangerast av Sognaklynga - krafta som ynskjer å samle Sogn for å byggja stoltheit og engasjement i regionen! Fordi vi vil løfte fram alt det positive og engasjerande i Sogn.
Vi samlast for å dele inspirasjon, feire mangfald og vere stolte av kor vi kjem frå.
Sognafesten er ein fest for både kultur, næringsliv og fellesskap.
Det blir ein unik sjanse til å skape nye band og møte nye folk.
Vi skal gjere denne kvelden til noko du vil hugse lenge.


Sogn Næring fungerer som sekretariat for Sognaklynga, og hjelper til i å koordinera arbeidet. Sogn Næring har blant anna levert på utvikling av profil, nettside, billettsystem og påmelding.

Spørsmål om prosjektet?

Ta kontakt med Bård om du lurer på noko om Sognafest!

Bård Basberg
bard@sognnaring.no

Forrige
Forrige

Sogn Naturlegvis

Neste
Neste

Sogn Biohub