
Sogn Biohub
Grøn region Vestland er eit samarbeids- og koordineringsprosjekt eig av Innovasjon Norge og Vestland fylkeskommune.
Prosjektet er satt opp for å støtte, oppmuntre og hjelpe industrien i Vestland fylke til å nå viktige mål for den grøne omstillinga med lågare CO2-utslepp, auka fastlandseksport og fleire grøne jobbar.
Aktørar: Sogn Næring, Daco Mekaniske, Simas, Sognekraft, Are Treindustirer, Lerum, Balholm, ViteMeir, Timbla
Frå Sogn Næring: Karoline Myklebust
Prosjektside: sogncircular.no
I ei sirkulær tenking finnast ikkje avfall, det finnast berre råstoff som kan brukast til noko anna. I Sogn har me mykje av biologiske ressursar og me er nokså gode på å nytte dei biologiske ressursane til lokal verdiskaping. Det ligg likevel eit stort potensiale til å utnytte desse ressursane enda betre, og til å få betre forståing og kunnskap om kretslaupet til ressursane våre.
Industriområdet på Kaupanger utanfor Sogndal er i dag eit stort og etablert næringsareal med over 60 verksemder som til saman har 1200 arbeidsplassar, og ein samla omsetnad på 2 milliardar NOK. I tillegg finn vi Vitensenteret ViteMeir i området, og det er kort veg til Sogndal kor det er eit sterkt kompetansemiljø med både høgskole og forsking. No er arbeidet i gang med å etablere ein sirkulær industripark i området. Dette sikrar auka utnytting av bioverdikjeda. I tillegg jobbar ein med etablering av kraftkrevjande industri grunna tilgjengeleg overskotskraft i området.
Kva er Grøn region Vestland
Grøn region Vestland er eit samarbeids- og koordineringsprosjekt eig av Innovasjon Norge og Vestland fylkeskommune. Prosjektet er satt opp for å støtte, oppmuntre og hjelpe industrien i Vestland fylke til å nå viktige mål for den grøne omstillinga med lågare CO2-utslepp, auka fastlandseksport og fleire grøne jobbar.
For å lukkast med prosjektet er me avhengig av at vi har rett kunnskap og kompetanse om kva som skal til for å utnytte dei ressursane me har på mest mogleg måte. Difor har me kopla på eit selskap som heiter Natural State. Dei skal sørge for at me lærer oss alt som er av materialstraumsanalyser og sirkulær økonomi.
Regional forankring
Sjølv om Grøn region Vestland peikar på Kaupanger som næringsområdet for huben, kjem prosjektet til å arbeide for heile Sogn som region. For å lukkast med det grøne skifte og ei satsing på sirkulærøkonomi som verkeleg skapar strukturelle endringar, er vi avhengig av å sjå regionen under eitt, med alt den har å by på. Frå industri, reiseliv, skogbruk, landbruk, fiskeoppdrett, digitalisering, kraft og etablering av ny kraftkrevjande industri.
Det er no arbeidet byrja og me gler oss til å ta fatt på det! Er du interessert i å høyre meir om prosjektet eller lære meir om sirkulærøkonomi, ta gjerne kontakt så koplar vi deg på! Du kan og lese meir om alle hubane og prosjektet på nettsida til Grøn region Vestland.
Prosjektoppdateringar:
Spørsmål om prosjektet?
Ta kontakt med Karoline om du lurer på noko om Sogn Sirkulære Biohub
Karoline Myklebust
karoline@sognnaring.no