Mat- og drikkeopplevingar i Sogn

Sogn Naturlegvis

Arbeidet med mat- og drikkeopplevingar i Sogn er eit kontinuerleg arbeid. Det er forankra i Vestland fylkeskommune sin regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2023-2033.


Styringsgruppe:
Lerum, Norways Best, ViteMeir, Fjærland Fjordstove, Sogndal vidaregåande skule

Bidragsytarar: Arbeidet er støtta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og stiftinga for rekruttering til restaurant og matfag (ASKO)


Frå Sogn Næring:
Sigrid Skjerdal

Prosjektet på instagram: @sognnaturlegvis

I Sogn har vi bugnande epletre, jordeple og gulrøter i den fruktbare jorda og sau, geit og kyr som beitar i fjella. Langs fjorden og i dalane finn du restaurantar og hotell, som gjerne brukar dei gode råvarene på serveringsfata. Men veit verda om det, og har vi folka vi treng for å møte framtida?

Over tid har søkartalet til restaurant- og matfag på Sogndal vidaregåande skule vore lågt. På same tid har ikkje næringslivet tilstrekkeleg tilgang på fagkunnskap og rekrutteringa har nådd eit kritisk nivå. Dette gjeld innan reiselivet og innan næringsmiddelindustrien.  Regionen Sogn har eit stort potensiale for å utvikle eit berekraftig næringsliv framover. Sentralt i dette står utvikling av arbeids- og buområdet, og ikkje minst reiselivsdestinasjonen Sogn.  

Ei større satsing på mat- og drikkeregionen kan vere starten på dette arbeidet. Slik kan vi løfte omdømmet, rekrutteringa og kompetansen til næringa og næringslivet generelt. 

Prosjektet byrja med Mat- og drikkeambassadør Tonje Torvanger sitt arbeid med rekruttering, initiert av restaurant- og matfag ved Sogndal vidaregåande skule, Lerum, ViteMeir, Fjærland Fjordstove og Sogn Næring. Desse utgjer prosjektgruppa, som utformar aktivitetane i prosjektet og planlegg kommande tiltak.

Med støtte frå Sparebankstiftinga og stiftinga for rekruttering til restaurant og matfag (ASKO), jobbar styringsgruppa no mot tre innsatsområde:

Innsatsområde er:

  • Rekruttering og kompetanse

  • Omdøme og merkevarebygging

  • Logistikk og infrastruktur

Prosjektoppdateringar:

Spørsmål om prosjektet?

Ta kontakt med Sigrid om du lurer på noko om Sogn Naturlegvis!

Sigrid Skjerdal
sigrid@sognnaring.no

Forrige
Forrige

Teknojenter

Neste
Neste

Sognafest