
Fleire jenter til teknologifag – ei satsing for framtida i Sogn
Teknojenter
Finansiert av: Vestland fylkeskommune
I samarbeid med: Vestlandsforsking, Sogndal vidaregåande skule. ViteMeir, Høgskulen på Vestlandet, Årdal Utvikling, Årdal vidaregåande skule, Sognarådet, Hydro, DigDir & Sogn Opplæringskontor
Dato: 01.09.2024 - 01.12.2025
Frå Sogn Næring: Frida Pedersen Bekkestad
Teknologifag speler ei nøkkelrolle i utviklinga av næringslivet i Sogn, og behovet for teknologikompetanse er aukande. Skal me sikra verdiskaping og omstilling i det digitale og grøne skiftet, treng me fleire unge – spesielt jenter – til å velja teknologirelaterte utdanningar og yrkjer.
For å møta denne utfordringa er eit spennande prosjekt i gang, leia av Vestlandsforsking i samarbeid med ei rekkje aktørar på tvers av sektorar og utdanningsnivå – frå barnehage til høgskule. Målet er å utvikla gode praksisar som motiverer jenter til å velja teknologifag og dermed bidra til auka mangfald og inkludering i teknologibransjen.
Ved opningsmøtet av prosjektet presenterte Hilde G. Corneliussen ved Vestlandsforsking nokre viktige punkt frå forskinga som allereie er gjort:
Kvinner er interesserte i teknologi, men møter barrierar som stereotypiar og få rollemodellar. Så dei har ein litt meir kronglete veg inn i Tech-bransjane.
I tillegg ser ein at rekrutteringa startar ofte for seint, med tilfeldig engasjement og strategiar når det kjem til å få med jenter på teknologiarenaer gjennom skulen.
Ein treng rollemodellar og inkluderande miljø kan inspirera fleire jenter til å velje teknologifag.
Små grep kan skapa store endringar! «Heiagjengen» må med!
Prosjekteigarar av prosjektet er Vestlandsforsking, og er eit samarbeid mellom Sogndal og Årdal vidaregåande skular, Sognarådet (kommunane i Sogn), Sogn Næring, Høgskulen på Vestlandet (HVL), ViteMeir, Årdal teknologipark, Sogn Opplæringskontor (SOK), og dessutan teknologibedrifter som Hydro Aluminium Årdal og Digdir. Saman vil me gjennomføra workshops, utvikla pilotprosjekt og designa tiltak som har som mål å rekruttere fleire jenter til teknologifag.
Erfaringane frå dette prosjektet vil danna grunnlaget for ein søknad om fase 2, der tiltaka blir utvikla vidare og utvida til å gjelde for heile Vestland fylke. Ambisjonen er klar: Fleire jenter frå Sogn og Vestland skal sjå teknologi som ein spennande og attraktiv karriereveg.
Frå opningsmøtet for Teknojenter-prosjeket på ViteMeir før jul. Nokon av samarbeidsaktørane i prosjektet. Ei rekkje institusjonar og verksemder i Sogn er med i Teknojenter, og mange deltok på oppstartmøtet på ViteMeir. Fremst, frå venstre: Torunn G. Hønsi (VF), Trond Eirik Jentoftsen (Hydro), Hans Jakob Reite (HVL) og Øyvind Heimset Larsen (VF). Lengre bak, frå venstre: Jorunn Felde (Sogndal vgs), Marit Haugan Hove (ViteMeir), Åse Neraas (ViteMeir), Hilde G. Corneliussen (VF), Frida Pedersen Bekkestad (Sogn Næring), Gry Høyheim (ViteMeir), Ingrid Steine Bortne (Sogn kommunalt oppgåvefellesskap), Karina Nerland (Sognarådet).
Elles deltok Jørn Stenehjem (DigDir) og Anne Kauppi (Sogn Opplæringskontor) på møtet, men var reiste då biletet vart teke. Tone Skjerdal (HVL), Geir Hansen (Årdal Teknologipark) og Geir Kjetil Øvstetun (Årdal vgs) var forhindra frå å delta på oppstartmøtet. Foto: Idun A. Husabø (VF)
Prosjektoppdateringar:
Spørsmål om prosjektet?
Ta kontakt med Frida om du lurer på noko om Teknojenter!
Frida Pedersen Bekkestad frida@sognnaring.no