Tirsdag 31. oktober inviterar vi til Næringspub saman med Luster kommune, PWC og Lærdal kommune. Tema for kvelden er berekraft, der vi skal få høyre noko av det spennande som skjer innan temet i både Luster, Lærdal og Noreg generelt. Arrangementet startar klokka 18:00 på Gaupnetunet der det vil vere mogleg å kjøpe seg noko godt i baren og pizza dersom det er ynskjeleg.
Ingvil Andersen frå PWC skal presentere Løypemeldingen som er ein serie av regionale bærekraftsrapporter som er utarbeidd av PwC i samarbeid med lokale næringsforeiningar. I år har over 900 bedrifter over store delar av landet svart på undersøkinga. Ingvil skal også innom Berekraft 365 som er ein oversikt over korleis det står til med berekraftsarbeidet i alle Norges kommuner. Der blir Luster rangert som den nest mest berekraftige kommunen i Noreg!
Ole Gunnar Krakhellen frå Luster kommune skal snakke litt om berekraftsarbeidet i kommunen, og kvifor dei er rangert som nr 2. av alle kommuner i Noreg.
Ingeborg Lysne frå Lærdal kommune kjem for å presentere resultatet frå prosjektet “Ombruk i Lærdal kommune”. Lærdal kommune ynskje å utvikle eit konsept for ombruk basert på ombrukbart avfall som SIMAS IKS tar imot frå husholdninger. Ombrukskonseptet skal bidra til næring- og stadutvikling i Lærdal kommune, inspirere innbyggarane til eit meir berekraftig forbruk og legge til rette for sirkulær økonomi og ombruk spesielt.
Det blir lagt opp til ein flytande dialog med moglegheit til å stille spørsmål etter kvart. Målet er å skape ein kreativ atmosfære der aktørar kan møtast og få inspirasjon og kanskje lære noko nytt av dei mange innovative aktørane som finst i og rundt Sogn. Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stede og slår gjerne av ein prat med dei som måtte ynskje det.
Arrangementet er ope for alle! Velkommen!