Tilbake til alle arrangementer

Lunsj med påfyll: Kvinner som finn sin eigen veg inn i teknologi-verda

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Mange kvinner som i dag jobbar i IT-bransjen, hamna der mot alle odds: Dei har i stor grad funne sine eigne vegar til teknologiutdanning og -karriere.

Dette er eitt av temaa Hilde G. Corneliussen, leiar for forskingsgruppa teknologi og samfunn ved Vestlandsforsking tek oss gjennom på Lunsj med påfyll.

Ho har skrive fagboka med det fiffige ordspelet i tittelen, «Reconstructions of Gender and Information Technology: Women doing IT for themselves», som oppsummerer 25 års forsking på eit såkalla «nordisk paradoks»: at ein bransje ikkje har lukkast med å jamne ut kjønnsbalansen sjølv i Noreg og nabolanda våre, som er blant dei mest likestilte i verda.

Kva er Lunsj med påfyll?

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakken opp i 2. etasje på Innovasjonsbygget på Campus i Sogndal, og ete lunsj saman med oss.

Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjestar som delar ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskap eller drøymen sin med oss. Frå klokka 11.30 er kaffien klar. Arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør. Vi i Sogn Næring er sølvlagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Avtal gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.


Senere arrangement: 23. april
While1Create: Nettverkstreff